Botnen, Norddal (ny)

Fjord
6
Besøk
5
km rundtur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner 1/11. Uføresette tilhøve gjer at turen til Botnen i Fjord kommune dessverre må gå ut som turmål denne sesongen. Vi beklagar dette.

Kort om turen

Fin tur i lett, skogkledd og litt vått terreng frå Innset til Botnen. På vegen høyrer du godt bruset frå elva Herdøla. I Botnen ligg det som er att etter ein gamal husmannsplass, som ligg under garden Engeset. Dei opne markene er framleis omkransa av høge fjell og fossefall, og du kan også treffe på flokkar med kje som beitar i området. 

Turbeskrivelse

Turen startar ved å gå tilbake mot elva, men ta til høgre i kryss ved postkassestativ før elva. Her er det skilta mot Botnen. Det er IKKJE tilrådd å gå motsett veg, då du kanskje vil ta med deg dyr på beite dit dei ikkje skal gå.


Du går først etter ein grusveg forbi og gjennom grenda Engeset. Deretter inn på skogsveg, og gjennom eit beite. Her må du vere obs på dyr på beite, og late godt att grindene etter deg. Etterkvart vil traktorvegen gå meir over i sti, og råsa går oppover i det skogkledde terrenget. Her er det også nokre våte parti, litt avhengig av årstid. Fjellsko er å føretrekkje i dette terrenget.


Du følgjer V-merka sti framover i skogen, og etter om lag 1,8 km går du over ei myr og svingar mot elva. Herifrå flatar stien ut, og resten av turen fram til Botnen går langs elva. Om våren er det stor vassføring i Herdøla, og små sideelver kan gjere det litt utfordrande å krysse nokre stader.


I Botnen vil du finne posten ved hovuddelen av bustadhuset, det einaste som står att etter ein gammal husmannsplass. Her var det tidlegare ein komplett gard med fleire bygningar som stovehus, løe, kvernhus og smie. I fjellsida over garden renn Knøstelva over kanten, og på andre sida av dalen ser du Smørelva.


Tilbake kan du gå same vegen som du kom, eller du kan gå over brua til Herdalsvegen og følgje grusvegen nedatt. Pass også her på å late att grinda etter deg. Her er det kje på beite. Følgjer du grusvegen, vil du etter ca. 150 meter kome til eit informasjonsskilt der du kan lese forteljinga om prestesonen som berga seg opp på ein stor stein under ein flaum kring 1900. Dette kulturminnet har vorte teke fram att og tilrettelagt av elevar på Eidsdal skule, og medhjelparar. Grusvegen går først i flatt terreng, før det blir tydeleg brattare nedover mot grind og infotavle. Herifrå er det igjen flat grusveg ned til den nye bomstasjonen og brua mot prestegarden. 

Adkomst og parkering

<p>Hit kjem du ved å ta til venstre og køyre mot Norddal ved Eidsdal ferjekai. I Norddal svingar du oppover i bygda ved butikken og køyrer i om lag 2 km før du svingar mot høgre over ei bru ved Engeset (ikkje gjennom bomstasjon til Herdal). Deretter tek du til høgre i 2. krysset etter brua og parkerer ved den gamle prestegarden. Parker mellom krysset og stabburet, framføre lita garasje. Her er det plass til 3-4 bilar og der er ikkje parkeringsavgift.</p>

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 2
Lengde tur/retur (km) 0
Lengde en vei (km) 0
Total lengde rundtur (km) 5
Stigning Meter Grader
Total stigning 207 Høydemeter

Offentlig transport

Skulebuss i skuleåret, frå Eidsdal ferjekai kl.14.00. På returen må du nok ta beina fatt, då det ikkje er fleire bussturar resten av dagen.

Spesielle forhold

<p>Kulturminne både i Botnen - husmannsplassen, og ved infotavle tvers over elva: Bergingssteinen. Elles kort veg til flotte turar i og rundt Herdalen, for dei som ønskjer å ta med bilen. Her kan nemnast Herdalssetra med sin karakteristiske setrekultur, Kallskaret naturreservat, og mange flotte alpine fjellturar som Torvløysa, Heregga, Tolleknivsegga og dronningruta over Holegga mot Geiranger. Også mange flotte fiskemoglegheiter i Herdalsvatnet, elva, og fjellvatna ikring. Fiskekort kan kjøpast.</p>

Kart

Turkart Norddal kommune, 1:50 000, Opptur Geirangerfjorden; tur 3-22: Herdalsosen-Kvernhusnesstøa

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Peter Myklebust-Hjelle 1
Isak Hjelle Grande 1
Margrete Hjelle 1
Mathea Hjelle Grande 1
Arve Myklebust 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
4. juli 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: