Flyene i Tafjord (ny)

Fjord
78
Besøk
7,68
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner 22/6. Det blir sein opning på grunn av snø og vått terreng.

Kort om turen

Dette er ein tur som passar for dei fleste. Det er vel 300 høgdemeter stigning fordelt på knapt 4 km ein veg, så nokon bratt tur er det ikkje. Råsa går forbi Kaldhusstølen, ein fin støl med fem bygningar. Frå Flyene er det storslått utsikt mot Onilsavatnet og Tafjorden. NB! Det er fleire våte parti på stien.

Turbeskrivelse

Råsa (stien) går først i tett skog, litt stigning. Så et det flatare, myrdrag, knausar og fureskog. Våte parti. Du passerer under kraftlinja før du kjem til Kaldhusstølen (550 moh.), ein fin støl med fem bygningar, ta gjerne ein liten avstikkar hit. Stølen ligg litt skjult i kupert terreng, så det er lett å gå forbi, ver merksam på stidele om du vil stikke bortom. Det står skilt på ei furu like etter passering under kraftlinja. Følg med på kartet.


Like etter stølen går du over ei lita elv og her møter du den T-merka råsa mot Zakariasdammen, følg denne heilt til Flyene. Dette er DNT-ruta frå Kaldhussætra til Reindalseter. Råsa går no slakt opp og utover lia.Tett skog på mykje av turen, men det opnar seg etter kvart. Rett før du kjem til målet går råsa forbi ei lita tjønn, ein idyll i seg sjølv. Er det stille ver får du fine motiv av skog og fjell som speglar seg. Det er berre å ta fram fotoapparatet her, for no er det berre eit lite stykke før du verkeleg får bruk for det. Etter om lag 1,5 times roleg gange er du ved målet, her er det slutt på skog og fri sikt til alle kantar; ei fantastisk utsikt til fjord og fjell! Men ver varsam - her er det bratt utføre!
Ta fram nista og nyt livet! Turkassa finn du på TK-hytta oppe på knausen.


Frå Flyene har du fri sikt ned i Tafjordbyda og utover Tafjorden. Rett under deg ser du Onilsavatnet, og såret i fjellsida på Breinausa (til høgre) er ikkje til å unngå å sjå. Her gjekk det eit stort ras ned i Jimdalen i 1994. Bak deg ruvar Storfjellet som deler dalføret i to. Rødalen og Reindalen i aust og Kaldhusdalen mot sørvest. Flyene ligg ikkje meir enn knappe 800 moh. - men du får ei utruleg utsikt!


Den T-merka stien går videre ned i Øyna, så om du ikkje vil gå same vegen tilbake så er moglegheita der (sjå kart). Då er det best å vere fleire i lag slik at ein har bil på begge stadar, om ikkje blir det fole langt å gå bilvegen tilbake til p-plassen. Råsa ned her er heilt grei, men ikkje så fin som der du kom.


Det er også mogleg å starte turen frå Kaldshussæter Turisthytte (DNT Sunnmøre). Følg T-merka sti frå hytta.

Kulturminne

På turen går du forbi Kaldhusstølen, sæter for Kaldhusdalen. her er det tre sel og to fjøsar. Vil du lese meir om denne så sjå i "Til seters, setrar i Norddal" (utgitt av Valldal Bygdekvinnelag 2012).
Om du hald fram frå Flyene mot Øyna eit lite stykke, ser ein "slagghaugar", spor etter gruvedrifta som var her frå 1909 til 1914. Det var prøvedrift på uttak av titanjernstein (ilmenitt). To gangar var det planar om å starte opp att, men vart begge stoppa av verdenskrigar.

Adkomst og parkering

Frå Tafjordbygda følgjer du vegen først litt oppover i bygda, så langs Onilsavatnet til vegdele (4 km). Hald så fram mot Kaldhussæter (skilta). Like etter at du er ferdig med den bratte stigninga opp frå Kaldhusdalen flatar vegen ut med elva på høgre side (ca 4 km frå vegdele). Ver merksam på ei lita opning og ein vegstubbe inn til venstre; Kvilebakken. Her parkerer du og startar turen. Det er skilta til Kaldhusstølen/Zakariasdammen. Litt lenger framme går kraftlinja heilt inn til vegen, ser du den er du på rett plass. Det er også mogleg å parkere ved ei utkøyring ca 50 m lenger framme.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 7,68
Lengde en vei (km) 3,84
Stigning Meter Grader
Total stigning 343 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

I Øynalia like nedanfor Flyene var der eit gruveanlegg med sju malmgruver som var i bruk i berre nokre få år frå 1909 og utover. Det er oppdaga store steinkonstruksjonar som blei bygt i samband med gruvedrifta. Det var også planlagt jernbane for å få malmen frakta ut av området, men det blei det ikkje noko av. Ein del av malmen ligg framleis i haugar utanfor gruvene.
Hytta på Flyene tilhøyrer Tafjord Kraftselskap (TK).

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Per Anton Kilsti 4
Heidi Karlsen 1
Hans Hildre 1
Ann Solveig Aure 1
Linda Elaine Olsen 1
Bodil Stige 1
Sølvi Sørensen 1
Magne Eivind Glomnes 1
Emte Tafjord Ringstad 1
Anita Giske 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
10. august 1
7. august 7
5. august 1
2. august 1
1. august 1
30. juli 6
29. juli 6
28. juli 5
24. juli 5
23. juli 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: