NB! Stikk UT!-posten åpner 25/6. Sein opning på grunn av snøforholda.
Fin og bratt tur til varden på Hegguraksla. Her får du fin-fin utsikt over Norddalsfjorden og Tafjorden. Tek du ein kveldstur kan du få med deg deg fine fargar og solnedgang over Sunnmørsalpane i vest.
Frå parkeringsplassen på Hauge går du på asfaltveg ca 300 meter til du kjem til sætervegen på venstre side, skilta til Nysætra. Følg setervegen (grusveg) i store slyng oppover i lia til rasteplassen på Nysætra (ca 680 moh).
Vidare går du på merka sti skilta mot Heggurdalen. Stien har to startpunkt på setra, men dei går snart saman til ein tydeleg sti. Start ved utedoen eller ved skiltet litt høgare i terrenget. Gå i slakt terreng innover langs fjorden, med ei brattare stigning mot Hegguraksla, 1000 moh. Målet finn du ved ein stor varde rett ved stien.
Her har du vidt ustyn. Mot aust ser du Tafjorden og fråflytta fjordgardar på sørsida av fjorden, vidare inn mot Tafjordbygda og Tafjordfjella. Mot vest ser du Norddalsfjorden og bygdene rundt
Om du vil gå vidare kan du følgje stien i kupert og delvis luftig terreng innover og litt nedover til Heggurdalstølen. Ver merksam på eit par luftige punkt langs råsa her. La ikkje born gå åleine dette strekket.
Hegguraksla er også utgangspunkt for topptur til Blåfjellet. Det er ein lang tur.
Følg fylkesvegen frå Valldal sentrum og gjennom tunellen til Fjørå (5 km, retning Tafjord).
Frå krysset ved naustrekka i Fjørå, følg skilta veg i svingar oppover i lia til Selboskar.
I øvste svingen, ved nokre hus, sving til høgre og følg vegen til merka parkeringsplass, ca 250 meter frå svingen.
Parkeringsplass Hauge, gratis parkering, plass til ca 15 bilar.
Lengde i km | |
---|---|
Asfalt | 0 |
Fast grus | 2 |
Lengde tur/retur (km) | 8 |
Lengde en vei (km) | 4 |
Total lengde rundtur (km) | 0 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 629 | Høydemeter |
nei
Turen kan gå vidare på merka sti mot Heggurdalen. Frå varden går stien i kupert og delvis luftig terreng innover og litt nedover til Heggurdalstølen. I lia nedadfor ligg anlegga som overvakar rasfaren i Heggura. Ver merksam på nokre luftige punkt langs stien her. La ikkje born gå åleine dette strekket.
På Heggurdalstølen (850 moh.) er det tre sel med fjøs under. Det vart sætra i Heggurdalen fram til 1946. Går du til høgre frå sela ca 200 m (mot vest) kjem du til ein fin utsiktsplass (Flåna).
Turkart Norddal 1: 50 000, Tafjordfjella 1: 50 000
Navn | Besøk |
---|---|
Merete Sofie Tjugen Myklebust | 3 |
Tor Dragnes | 3 |
ottar inge ytterli | 3 |
Anne Lene Hjelle | 2 |
Ove Strand | 2 |
Julie Tårn Ytterlid | 2 |
Siv berkvik Strand | 2 |
leonhard hasund | 2 |
Elisabeth Døving | 2 |
Monica Hovden Larsen | 2 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
15. august | 3 |
14. august | 8 |
13. august | 3 |
12. august | 2 |
10. august | 4 |
9. august | 3 |
8. august | 3 |
7. august | 4 |
5. august | 10 |
2. august | 1 |