Lett tur i motbakke på fin grusveg til ein gammal seterstøl. Skoghogst har gitt god utsikt både undervegs og frå setra. Fin rasteplass i grindløa som er opa for alle.
Parkering ved Valldal IL klubbhus på Omenås. Følg asfaltveg i bein strekning mot Omnosåsen bustadfelt i om lag 200 meter. Der asfaltvegen gjer ein sving, hald fram rett fram på grusveg. Grusvegen fører deg oppover til Omnossetra, ca 1,7 km og 200 høgdemeter. Bomveg.
Omnossetra er ein nedlagt seterstøl med fleire gamle sel og nokre nyare hytter. Nybygd grindløe med bålplass som er open for alle er bygd av Lions Club Valldal. Frå Omnossætra kan du gå vidare til Brekkevatnet, Høghaugen, Gjerdsegga og Gjerdsgrenda. Store hogstfelt har gitt fin utsikt mot Valldalsbotn og dei to sætrane Heimsetra og Hjellsetra på andre sida av elva, og nedover dalen. Lett tur på fin grusveg.
Omnossætra ligg i Valldalsbotn, ein sidedal til Valldalen, om lag sju km frå fjorden. Myklebustelva med utløp frå Brekkevatnet renn midt i dalføret. Setra ligg rundt 300 meter over havet i ei vesthelling under fjellet Gjerdsegga på austsida av elva. I dag går det bilveg frå Omnos og fram til setra. Siste året det vart setra, var i 1955. (Frå boka «Til seters – setrar i Norddal», Valldal Bygdekvinnelag, 2012).
Gamle utløer langs grusvegen. Sæter med gamle sel og steingardar.
Les meir i lenka til kulturminneatlas og i boka Til seters - setrar i Norddal.
Turen startar ved Valldal IL klubbhus og stadion på Omenås i Valldal.
Parkering ved klubbhuset. Gratis.
Lengde i km | |
---|---|
Asfalt | 0 |
Fast grus | 1 |
Lengde tur/retur (km) | 3 |
Lengde en vei (km) | 1 |
Total lengde rundtur (km) | 0 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 192 | Høydemeter |
http://www.frammr.no/Ruter/Buss/145
Få bussavgangar i dette området.
Turkart Norddal kommune
Navn | Besøk |
---|---|
Cato Heggen | 44 |
Solveig Heggen | 38 |
Bettina Johansen | 34 |
Siv Elin Bjørstad | 29 |
Tom Rune Bjørstad | 28 |
Anna Marie Sunde | 24 |
Eivind Andersen | 23 |
Bente Skarbø | 14 |
Vilde Eriksen Høgelid | 13 |
Odd Martin Hoel | 11 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
18. august | 6 |
17. august | 4 |
16. august | 8 |
15. august | 4 |
14. august | 17 |
13. august | 7 |
12. august | 4 |
11. august | 2 |
10. august | 8 |
9. august | 3 |