Håbakknotten (ny)

Hareid
719
Besøk
3,53
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Tur til Håbakknotten har jamn stigning, men er kort. Den passar derfor likegodt som treningstur på ein ettermiddag, eller som helgetur saman med dei minste. Undervegs finn du fine rasteplassar både på den store Merkarsteinen og på ruinane etter sommarfjøsen.

Turbeskrivelse

Frå Hareid sentrum tek du inn på Strandgata frå hamneområdet, og til venstre opp Hjellebakken. Frå Finnsgardsparka tek du vidare til venstre opp Teigeråsa. Fortsett til toppen av bakken. 50 meter til venstre på Hovlidvegen går Torkelvegen inn til høgre. Etterkvart flatar vegen ut, og cirka 50 meter etter utflatinga går ein liten sideveg mot venstre. Ved enden av denne: gå opp langs ein steingard til venstre for den grå løa, og vidare opp gjennom tunet til har du eit gammalt hus på venstre side. Stien kjem meir tydelig fram etterkvart som den vert småsteinete. No vert det lett stigning oppover, før du kjem til den store og flate Merkarsteinen. Omtrent 200 meter vidare forbi Merkarsteinen deler stien seg, og du tek til høgre og følger stien utover til du når turmålet. Når du skal ned igjen kan du ta same veg tilbake, eller du kan ta ein rundtur ved å halde fram på stien, og kople deg på hovudstien cirka 200 meter over der du tok av.

Adkomst og parkering

Parkering nedom Hareid sjukeheim ved Finnsgardsmarka. Ingen avgift.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3,53
Lengde en vei (km) 1,77
Stigning Meter Grader
Total stigning 254 Høydemeter

Offentlig transport

Denne turen er mogleg å nå til fots frå Hareid sentrum.

Spesielle forhold

Den store Merkarsteinen på veg opp er ein populær pauseplass for småbornsfamiliar. Litt lenger oppe til langs hovedstien finn du ruinane etter sommarfjøsen, som er ein annan populær rasteplass. Her er det plassert ut ein parkbenk. Sommarfjøsen finn du rett til venstre for stien, der du tek av mot Håbakknotten.

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Nina Bigset 37
Einar Orten Trovåg 32
Dag M. Løvoll 27
Hallvard Sæverud 26
Øystein Orten 23
leiv aasmo 21
Ingvild Selvåg 15
Magnus Sveen 14
Elin Vassbotn Øvrelid 12
Kristian Indreflø 11

Besøkslogg

Dato Antall besøk
30. juni 5
29. juni 11
28. juni 11
27. juni 11
26. juni 19
25. juni 12
24. juni 7
23. juni 8
22. juni 5
21. juni 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: