Haugshornet ligg mellom Haugsbygda og Gjerdsvika med utsikt over Gjerdsvika og ein del av fjella i Sande. På tur til Haugshornet får du gått deler av den gamle kløvvegen som gikk mellom Haugsbygda og Gjerdsvika. Du passerar også restar av gamle vårfjøsmurar og torvhusmurar på Dalen. Gursken IL har trimpost på Haugshornet.
Start i Haugelia byggefelt. Råsa byrjar mellom dei 2 øverste husa i byggefeltet. Råsa går først gjennom skogen, kan vere litt vått her, oppom skogen kjem du oppå Dalen med restar etter gamle vårfjøs og torvhusmurar. Derifrå følger råsa den gamle kløvvegen som er oppmura oppigjennom fjellsida. Når du kjem opp til høgspentlinja går råsa etter ryggen opp til toppen.
Kløvvegen mellom Haugsbygda og Gjerdsvika, torvhusmurar og vårfjøsmurar på Dalen.
Haugelia i Haugsbygda. Ta av frå fv 61 i Gursken skilta mot Haugsbygda, køyr 4 km, ta til høgre skilta Vonheim, køyr 1 km, ta til høgre etter gamal skulebygning og køyr heilt til topps i Haugelia. God parkeringsplass på austsida av dei øverste husa i byggefeltet.
Lengde i km | |
---|---|
Asfalt | 0,1 |
Fast grus | 0 |
Lengde tur/retur (km) | 3,22 |
Lengde en vei (km) | 1,61 |
Total lengde rundtur (km) | 0 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 351 | Høydemeter |
Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, norgeskart.no
Navn | Besøk |
---|---|
Veronica Muren Longva | 17 |
Vegard Longva | 11 |
Camilla Vik | 10 |
Reidun Vik | 6 |
Gigen sætre | 5 |
Pergunn Leikanger | 3 |
Gisle Baade | 3 |
John Idar Nygjerde | 2 |
marte hansen | 2 |
Grete Hauge Saure | 2 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
29. juni | 4 |
28. juni | 1 |
26. juni | 3 |
25. juni | 2 |
24. juni | 4 |
23. juni | 3 |
22. juni | 1 |
21. juni | 2 |
20. juni | 2 |
19. juni | 5 |