Nærtur Syvde - Brekksvingen utsiktspunkt (ny)

Vanylven
288
Besøk
2
km rundtur
grønn Barnevognvennlig Sykkelvennlig

Kort om turen

Dette er ein kort og grei tur på velhalden grusa skogsveg frå Brekke og opp til sving nr 2 på vegen. Her er det beste utsiktspunktet på skogsbilvegen. Lettaste alternativ er å gå skogsvegen tur/retur. Meir variasjon får ein om ein går ein rundtur slik oversiktsbiletet viser og går opp Hesteråsa. Hesteråsa går på tørr og fast grusrygg. 

Turbeskrivelse

Frå parkeringa kan ein anten gå tur/retur opp skogsvegen. Turen blir då 2,8 km. Alternativet med mest variasjon undervegs er å gå tilbake i retning mot Syvde i 430 meter. Der tek ein til høgre på grusveg og går nesten 500 meter på grusveg før ein tek av gjennom ei lita grøn grind på høgre side av vegen og opp hesteråsa. Her er det god sti på tørt og fast underlag.


NB! Grusvegen ved husa er privat veg og skal IKKJE brukast til bilkøyring eller parkering.


Vel framme i Brekkesvingen ser ein kulturlandskapet på Brekke og Myklebust som er ei av dei 2 store landbruksflatene i Syvde, og vidare utover ser ein Syvdefjorden og områda rundt fjorden. Skogsvegen er vanlegvis i så god forfatning at ein kan både gå og sykle turen, og ein tur med barnevogn vil truleg også gå bra. Dette er ein lang motbakke, men den er ikkje veldig bratt. I sving nr 2 er det plassert ein StikkUT! turpost sommaren 2022.


 

Adkomst og parkering

<p>For å kome til startpunktet på turen tek ein av frå hovudvegen der det er skilta mot Saurdal 450 meter sørvest for kyrkja i Syvde. Køyr sørover i 1 km. Då kjem ein til eit kryss der det ikkje er skilta. Ta til høgre i retning Saurdalen på asfaltert veg. Tek ein feil i krysset kjem ein etter kvart til Røfsdalen (Ripsdalen) med grusveg. Når ein nærmar seg startpunktet ser ein Saurdalsvatnet på høgre side av vegen, og startpunktet er nokre få meter forbi den første kufella (ferista) på veg mot Saurdalen. Avstanden frå hovudvegen og fram til startpunktet er 1,8 km.</p>
<p>Vanlegvis går det greitt å parkere ved ferista (kufella) ved starten av skogsvegen. Viss ein parkerer ved starten av skogsvegen er det VIKTIG å ikkje parkere slik at ein hindrar bruk av porten ved sida av ferista (kufella). Gjer ein det hindrar ein t.d. at hestar kan gå gjennom porten. Ein kan eventuelt parkere i Syvde sentrum og gå vegen over Myklebust. Då blir turen ca 6 km lang. </p>

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 2
Lengde tur/retur (km) 0
Lengde en vei (km) 0
Total lengde rundtur (km) 2
Stigning Meter Grader
Total stigning 141 Høydemeter

Spesielle forhold

<p>Denne turen er ein del av <a href="http://morotur.no/Morotur/Turar/Skogsveg-Brekke-Roefsdalen">http://morotur.no/Morotur/Turar/Skogsveg-Brekke-Roefsdalen</a> som er ei lenger runde i området frå Brekka og framover Røfsdalen. I Brekkesvingen er det skilta mot Seten. Dette er ein relativt bratt tur opp til fjellet Seten. Der er det flat rygg eit stykke for ein litt bratt overgang til Kyrfjellet. Frå Kyrfjellet er det lettgått terreng vidare til Øverberg om ein ynskjer å prøve den ruta.</p>

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Tom Vaksdal 27
Olrun Vada 16
Evelyn Midtbø 14
Stig morten løseth 13
Åsgunn Jensen Stewart 7
Hilde Sørdal 6
John Willy Klungre 6
Joar Asle Lille-Rovde 5
Ørjan Larsen 4
Lene Drabløs 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. august 1
15. august 2
14. august 5
13. august 1
12. august 3
11. august 1
8. august 6
7. august 6
5. august 1
4. august 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: