Storebøra (ny)

Vanylven
79
Besøk
6,15
km rundtur
blå

Kort om turen

Storebøra og Lisjebøra ligg på sørsida av Børevatnet og nordsida av fjella stuper rett nedi Børevatnet.Du får den mest spektakulære opplevinga dersom du går opp på austsida av Lisjebøra først, då får du verkeleg sjå kor bratt nordveggen er. Då dette er dei høgste fjella nordapå Syvdseidet er her ei fantastisk utsikt i alle retningar. Trimpost på toppen av Storebøra.

Turbeskrivelse

Turen startar på Fiskåbrauta, enklast er det å fylje skiltinga mot Storebøra, dvs du går mot vest opp forbi ei hytte og svingar mot nord opp forbi murane på Blåsenborg, ovapå Blåsenborg er der ein plass der lynet har slått ned 2 gongar dei siste åra, dette området ligg ca 100m vestapå råsa og er merka med eit stort lynskilt, råsa går vidare over myra i retning mot Lisjebøra, etter myra kjem du til eit vegkryss, der fyljer du skiltinga beint fram mot Lisjebøra og kjem opp på austsida og fyljer kanten opp til toppen, vis varsemd, bratt utføre her. Når du er komen opp går du ned på vestsida og kjem inn på råsa som går opp til Storebøra. Frå Storebøra går du råsa tilbake uten å gå om Lisjebøra, når du kjem til vegkrysset der du tok opp til Lisjebøra kan du enten gå råsa nedigjen til Fiskåbrauta eller du kan gå beint fram til ein stor varde og gå ryggen ned til Kvannskaret, når du er komen ned til Kvannskaret tek du til høgre og fyljer råsa forbi Kirkjesteinane ned til Fiskåbrauta, no har du fått ein fin rundtur forma som eit åttetal.

Kulturminne

Vegen til Fiskåbrauta vart påbyrja på 1930 talet, arbeidet vart stoppa under krigen og oppattstarta etter krigen. Opprinneleg gjekk vegen berre opp til Støylshammaren.
På Blåsenborg sto frå gamalt av 2 hytter/sel og 2 vårfjøsar, idag står berre murane att. Hyttene vart nedtekne og frakta til Kvanndalsvatnet, men berre den eine vart sett opp der. Idag vert Blåsenborg brukt om området her og om den hytta som står oppå fjellkanten. Namnet Blåsenborg kjem av å blåse, her er svært verhardt.
Kirkjesteinane er to steinar som ser ut som ei kyrkje, dei ligg på austsida av råsa som går frå Kvannskaret til Fiskåbrauta.

Adkomst og parkering

Frå fv 61 tek du av mot Fiskå og køyrer fv 2 ca 800m , her tek du til høgre i vegkryss og køyrer kommunevegen ca 950m, då tek du til venstre opp ein bomveg og køyrer denne til vegs ende (ca 2,2 km) då er du på Fiskåbrauta. Parker her.

Stor innegjerda parkeringsplass på Fiskåbrauta. Bomveg.

Løype på kart

Lengde i km
Total lengde rundtur (km) 6,15
Stigning Meter Grader
Total stigning 498 Høydemeter

Spesielle forhold

Dei som bur i Hallebygda på Gurskøya ser beint på nordveggen av Storebøra. Der brukar snøen å ligge langt utpå våren/sommaren. Snøen som ligg igjen mot slutten ser ut som ein mann, kalla Børemannen, då seier dei frå gamalt av at ingen fekk bade i sjøen før Børemannen var vekksmelta.

Kart

På tur i Vanylven, M711 1119 III, sunnmorskart.no

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Marina Haaberg Ersvåg 4
Ørjan Larsen 2
Agnar Rekkedal 2
John Magne Vikebakk 2
Ragnhild Berge 2
Evelyn Midtbø 1
Lars Andreas myklebust 1
Britt Berge 1
Rune Halsen 1
Paul Sindre Vedeld 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
15. august 1
12. august 1
8. august 2
7. august 1
1. august 1
30. juli 2
28. juli 6
19. juli 5
18. juli 2
12. juli 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: