Ein forholdsvis lettgått tur. Turen startar på Bekslesætra som ligg mellom Bekslevatnet og Juvatnet nær grensa til Sogn og Fjordane. På Beksle var det sæter-/støylsdrift i eldre tider. Det var også møteplass for folk frå Sunnmøre og Nordfjord.Bekslevatnet og Juvatnet er gode fiskevatn. Flott utsikt frå Bekslehornet. Om ein vil gå ein lenger tur er ruta mot Heida og ned til Kvilehytta eit flott alternativ.
Ruta startar frå Beksle, som ligg ved Fv 61 mellom Åheim og Bryggja/Maurstad. Frå parkeringa går ein grusveien austover. Der stigninga startar er det skilt som viser retninga. Det er godt synlig sti og ruta er godt merka. Ein går ryggen oppover og det er lett å finne fram. Eit par hundre meter før toppen kjem ein til ein stein der det er skilta vidare. Her tek ein til høgre og går rett opp mot topp-punktet.
Beksle: På Beksle står fortsatt sel og rester etter sel som viser at her var støylsdrift.
Frå krysset på Åheim, køyrer ein over brua mot Måløy på Fv 61. Parkeringa og rutestart ligg på Maurstadeidet, 7,6 km frå krysset på Åheim. Parkering og rutestart ligg på Beksle mellom Bekslevatnet og Juvatnet.
Gratis og god parkering ved rutestart.
Lengde i km | |
---|---|
Lengde tur/retur (km) | 3,01 |
Lengde en vei (km) | 1,51 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 362 | Høydemeter |
Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven.
Navn | Besøk |
---|---|
Wenche Anita Haugen Thue | 10 |
Berit Kristin Aaland | 10 |
Odd Erling Westerås | 5 |
Jenny laila Hoddevik Westerås | 5 |
Liv Berge | 5 |
John Magne Vikebakk | 2 |
Annie Solheim | 2 |
Tone Lillebø | 1 |
Frode Henning Berge | 1 |
Håkon Olav Hildre | 1 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
9. august | 1 |
7. august | 2 |
4. august | 2 |
3. august | 1 |
2. august | 2 |
1. august | 2 |
30. juli | 1 |
29. juli | 1 |
28. juli | 4 |
25. juli | 2 |