NB! Stikk UT!-posten åpner 16/5. Mykje snø i øvste del av ruta
Fottur til Høgenipa som med sine 1097 m.o.h. er det tredje høgste fjellet i Vanylven. Bomveg opp til 400 m.o.h. og lett terreng på sti heile vegen til topps. Frå toppen er det flott utsikt mot nord, vest og sør. Flottast utsikt mot aust får ein ved å gå til austenden av den vassrette ryggen mellom Høgenipa og Lisjenipa på den andre enden av ryggen.
Dette er ein flott tur for dei som ynskjer å gå lett til toppen av eit av dei høgste fjella i Vanylven. Det er lett og ope terreng og mesteparten av turen går i sørvendt terreng. Turen er godt skilta og merka. Høgenipa er, sett frå Syvde og andre av bygdene i Vanylven, ein lett gjenkjenneleg pyramideforma topp. Dette er også eit av dei mest kjende fjella i kommunen. Det er fleire alternative ruter til toppen av Høgenipa, men den som du no les om på morotur.no er den mest brukte.
Mange stoppar ved hytta ved ein stor stein etter omlag ein tredel av turen. Denne steinen blir kalla Trygesteinen. Det var vanleg å gøyme trugene under denne steinen når ein om våren eller seint på hausten gjekk mellom Syvde i Vanylven og Dravlaus i Dalsfjorden (Volda). Første del av turen, frå parkeringsplassen på toppen av fjellvegen og til Trygesteinen, er eit beiteområde som no er i ferd med å gro igjen på grunn av mangel på beitedyr.
Bomvegen startar på Landsverk. Ta av mot Nordal eit par hundre meter nord for sentrum i Syvde. Følg dalen og ta av til venstre over ei bru etter 2,3 km. Ta til venstre rett etter brua og køyr 200 meter til starten av bomvegen. Det er skilta mot Høgenipa ved begge desse vegkryssa. Bompengar på kr 30 betaler ein rett etter at ein har køyrt over brua på Landsverk. Det er god plass til parkering på enden av bomvegen. Det er skilta mot Høgenipa på parkeringsplassen, og heile turen er godt merka.
Lengde i km | |
---|---|
Asfalt | 0 |
Fast grus | 0 |
Lengde tur/retur (km) | 9 |
Lengde en vei (km) | 0 |
Total lengde rundtur (km) | 0 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 712 | Høydemeter |
Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Navn | Besøk |
---|---|
Tommas. Prozenko | 1 |
John Nordal | 1 |
Iren Rønnestad | 1 |
Ole Martin Brudevoll | 1 |
Are Uran | 1 |
Jan Christian Ervik | 1 |
Bjarte Uglum | 1 |
Eldar Rønnestad | 1 |
Ørjan Larsen | 1 |
Sindre Haverstad | 1 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
13. august | 1 |
29. juli | 1 |
24. juli | 1 |
19. juli | 4 |
18. juli | 2 |
17. juli | 1 |
2. juli | 1 |
25. juni | 1 |
19. juni | 1 |
11. juni | 1 |