Rinden - rundtur via Sandslegene (ny)

Sande
118
Besøk
7,74
km rundtur
blå

Kort om turen

Rundturen til Rinden og Dollsteinen er ein variert tur som startar på fjellveg før ein går sti opp på Rinden, litt bratt ned steinskaret til Dollsteinen og fjøra tilbake til parkeringa på Skare. Fin utsikt i alle retningar, både ut mot storhavet og inn i fjordane og fjella. Mange er overraska over den gode utsikta frå Rinden.

Turbeskrivelse

Turen startar frå parkeringa på Skare, ein går traktorvegen til gapahuken Legebu og fyl deretter godt merka sti mot Rinden. Stien har nokre avstikkarar, men dei er godt skilta. Frå Rinden har ein god utsikt i alle himmelretningar, der står ei sikteskive som ein kan lese av kva ein ser. Frå Rinden fyl ein stien som er merka Dollsteinen, den går via høgaste punktet på øya, Signalen. Etter at ein har passert Signalen eit stykke reiser Dollsteinen seg mot vest og er eit mektig syn. Då fyl ein stien vidare og går ned til venstre, merka Dollsteinen. Der er litt bratt eit stykke so ver litt forsiktig. Etter at ein kjem ned finn ein trimposten ved foten av Dollsteinen. Denne turen går ikkje ned i Dollsteinhola, då bør ein ha med kjentmann. 


Frå trimposten fyl ein merka sti heile fjøra tilbake til parkeringa på Skare. Ein går då forbi tre klover i fjellet kalla gjøttar. Først har vi sandgjøtten på høgresida, den vert fyllt med skjelsand av sjø og straum. Etter nokre vikar og haugar kjem vi til lisjegjøtten på høgresida og so storegjøtten.

Adkomst og parkering

Skarshaugen, i enden av fylkesveg 5860

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,3
Fast grus 0,1
Total lengde rundtur (km) 7,74
Stigning Meter Grader
Total stigning 475 Høydemeter

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Anders Bringsvor 48
Olav Andre Våge 6
Anna Kirsti Skare 4
Solgunn Karin Våge 3
Tanja Elisabeth Sande 3
Tor Arne Bringsvor 3
Elsa Rønneberg 2
Jorunn Worren 2
Torbjørn Baade 2
Fredrik Friberg 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
30. juni 4
29. juni 3
28. juni 1
27. juni 1
26. juni 2
25. juni 3
24. juni 3
22. juni 1
20. juni 1
19. juni 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: