Dollsteinen (ny)

Sande
79
Besøk
4,4
km tur/retur
blå

Kort om turen

Opplev Dollsteinhola! Ein treng godt fottøy fordi terrenget er ulendt og til tider vått. For dei som ikkje vil ned i hola, er dette ein fin fjøretur dei fleste klarer å gå. Det er merka løype heilt ut på Steinstangen. Der ute ser ein Stadhavet i sørvest, Svinøya i vest og ein kan skimte fugleøya Runde i nordvest.

Turbeskrivelse

Den merka stien starter på høgre side av grusvegen, omlag 100m etter skiltet på Skarshaugen. Stien følgjer stort sett fjøra, men går over nokre kliprer og fjellnaser. Stien er godt merka med merkepinner og skilt. Stadar og attraksjonar ein treff på: 0,36 km eit gjerde, husk å late att grinda. 0,65 km Kalvågane 0,97 km Storegjøtten og Lisjegjøtten 1,07 km Grytevika 1,19 km Flatmagevika og Sandgjøtten 1,40 km Breidvika, ned mot Breidvika er det litt bratt og her kan det vere glatt. 1,87 km turbok Sandsøy IL, her krysser rute 2 som går frå Hellandsvågane, nord for Dollsteinen.2,20 km Dollsteinhola, siste 150m er det ein bratt, men fullt farbar signing opp til holeopninga

Kulturminne

Dollsteinhola
På den vestlegaste pynten av Sandsøya ligg den karakteristiske Dollsteinen med bratte fjellsider mot sjøen. På sørsida omlag 60m over havet ligg opninga til Dollsteinhola som truleg er den største og merkelegaste fjellhola i Norge. Den er vide kjend frå langt tilbake i historisk tid. Det er såleis fortalt at Orm Torolvson frå Island kom for å hemne drapet på fostbror sin, Asbjørn Prude frå Hordaland som risen Bruse i Dollsteinhola hadde drepe. Ragnvald Kale Orknøy-jarl var her først på 1100 talet. Det er fortalt at han sumde over vatnet i botnen av hola. Den er nemnd i det engelske bokverket Encyclopedia Britannica frå før 1800. Der er det sagt at hola går under havet til Skottland, men at det er ei segn. Det er gjort utgravingar som syner at det har budd folk i hola ein gong i tida.
Dei som har vitja hola i våre dagar vil nok finne desse gamle skildringane litt underlege. Det vert også diskutert om hola kan ha endra seg. I dag ser den ut som ei kløft der botnen skråar omlag 45 grader til den flatar ut 30m lavare. Innafor opninga utvidar hola seg, mest vertikalt, men også eindel i breidda. Lenger inne ligg ei steinur som deler hola i to. Det er muleg å ta seg gjennom denne steinura og ein kjem så inn i den inste delen av hola. Den er i likheit med første delen omlag ti meter brei og svært høg og kan nok minne om ei kirke. Total lengde er omlag 185m. Det vert fortalt at det har vore både sunge, tala og messa her. For få år sidan hadde eit lokalt kor ein konsert i denne "kyrkja". Det var ein mektig opplevelse for dei som var til stades. Overalt på veggane har folk rissa inn namn og datoar frå langt tilbake i tida.

Adkomst og parkering

Turen starter på Skare. Frå Voksa ferjekai følger du fylkesvegen til Sandsøya. I det første krysset du møter er det skilta "Dollsteinhola" til venstre. Du køyrer så vidare forbi Sande Kyrkje og heilt opp på Skarshaugen. Før du kjem til parkeringsplassen er det skilta "Dollsteinhola" til høgre, ned ein grusveg. Stien til Dollsteinhola starter om lag 100 meter nedanfor skiltet.

Skarshaugen

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4,4
Lengde en vei (km) 2,2
Stigning Meter Grader
Total stigning 224 Høydemeter

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Anders Bringsvor 22
Anna Kirsti Skare 3
Brit Synnøve Våge 2
Elsa Rønneberg 2
Ragnar Kvamme 2
Annica Nilsen 2
Vidar Amdam 1
Michael Rødsand 1
Åsmund Bringsvor 1
Lena Therese Otterlei 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
28. juni 1
26. juni 7
25. juni 6
24. juni 3
19. juni 1
18. juni 1
17. juni 2
15. juni 1
11. juni 3
9. juni 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: