NB! Stikk UT!-posten åpner 5/6. Grunna stor snømengde blir dato for opning utsatt
Koppefjellet er eit fint turmål med flott utsikt. Den er også ein topp som får vitjing på rundturar, t.d. Hestehornet-Vatnenipa-Koppefjellet. Det ligg enno litt snø i høgda. Anbefalar difor å tenke på rett fottøy og evt. ta med stavar
Ruta er merka. Store delar av ruta har svak sti eller ikkje sti i det heile, så følg med på merkinga slik at du finn beste ruta til topps. På Rotevassætra går du sti rett opp, på venstre side av eit grått sel. Du passerer ein steingard og nokså snart etter denne skal du svinge til venstre og gå opp gjennom fin bjørkeskog. Her er det stort sett sti, men også ein del dyretrakk. Når du kjem ut av skogen har du fin utsikt ned på setra. Det er sti eit lite stykke vidare, men etterkvart forsvinn den og då følger du merkestaurane vidare til topps
Enklaste tilkomst, dersom du har bil, er å køyre bomveg til Krøvelsætra og gå frå Krøvelsætra over til Rotevassætra. Frå Volda sentrum: følg E39 mot Stryn, ta av mot Vikebygda. Følg vegen heilt over Krøvelseidet. Omlag 1 km etter der vegen smalnar og like etter nokre svingar, ser du ein skogsveg (Nygjerdsvegen bomveg). Køyr skogsvegen til endes.
Du kan også gå eller sykle skogsvegen som startar i Botnavegen, knapt 400 m etter å ha tatt av frå Vikebygdvegen. Skogsvegen er om lag 4,5 km
Lengde i km | |
---|---|
Asfalt | 0 |
Fast grus | 0 |
Lengde tur/retur (km) | 3,8 |
Lengde en vei (km) | 1,88 |
Total lengde rundtur (km) | 0 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 552 | Høydemeter |
På Rotevassætra er det eit grindbygg som er ope for alle.
Det kan vere svært vått mellom dei to setrane
Turkart Volda
Navn | Besøk |
---|---|
Ingvil Flatnes | 2 |
Ronny Bjørdal | 1 |
Daniel Reite | 1 |
gaute homberset | 1 |
Hanne Karlsen Wold | 1 |
Roar Helø | 1 |
Audun Grimstad | 1 |
Ingvild Lødøen | 1 |
Idar Arne Kristiansen | 1 |
Maria Burianová | 1 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
8. august | 1 |
7. august | 2 |
6. august | 1 |
5. august | 1 |
1. august | 2 |
29. juli | 3 |
28. juli | 1 |
24. juli | 1 |
23. juli | 4 |
22. juli | 3 |