NB! Stikk UT!-posten åpner 27/5. Grunna stor snømengde blir dato for opning utsatt
Middagsfjellet/Øyanibba har flott utsikt mot Hornindalsvatnet. Ved toppvarden er det eit lite, idyllisk vatn. Toppen er topp nr.1 i fjelløpet "Hornindal rundt"
Turen går først på den Trondhjemske postvei i om lag 1,6 km. Like etter Kjøsahalsen tek du av på ein eldre skogsveg opp til venstre. Det er skilta. Her går det nokså bratt oppover til Kongsviksætra og Svorasætra i 400 m høgde, først på den eldre skogsvegen og etterkvart på sti. Det er også litt bratt det først stykket etter setrane, men det blir slakkare etterkvart, og då går det jamnt oppover til topps. På toppen er det eit lite, koselig vatn og det er fint å sitte ved toppvarden. Gå gjerne over på motsatt side av vatnet. Då får du flott utsikt ned mot Kjøs, mot Markane og mot Hornindalsvatnet
Stien er tydeleg og god, og i skogen er det godt med blåbærlyng. Du kan finne litt drikke undervegs, men det er nok lurt å ta med noko drikke. Dei kvite merka viser veg til løparane i Hornindal rundt.
Frå Volda: Køyr E39 mot Stryn. Om lag 1 km etter Grodås sentrum og like etter at du har komt inn i 80-sona, tek du av til venstre. Her er ein parkeringsplass og turskilt som viser veg. Ta det litt med ro, for startpunktet kan kome litt raskt på deg
Lengde i km | |
---|---|
Asfalt | 0 |
Fast grus | 3 |
Lengde tur/retur (km) | 10 |
Lengde en vei (km) | 5 |
Total lengde rundtur (km) | 0 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 822 | Høydemeter |
Buss mellom Volda og Stryn (frammr.no). Frå Grodås, kan du gå/sykle til start
Den Trondhjemske postvei gjekk mellom Bergen og Trondheim. På første del av turen, følger du ei lita strekning av denne.
norgeskart.no
Navn | Besøk |
---|---|
Sigrun Sandbakk | 3 |
Ingunn Kalvatn | 2 |
Are Steinsvåg | 1 |
Bjørn Magne Leine | 1 |
Siv Myklebust | 1 |
Yosmel Chiang | 1 |
Martin Hustøft Steinsvåg | 1 |
Roar Helø | 1 |
Kenneth Breivik | 1 |
René Stäck | 1 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
12. august | 1 |
10. august | 2 |
8. august | 2 |
7. august | 2 |
1. august | 2 |
30. juli | 1 |
29. juli | 2 |
28. juli | 3 |
27. juli | 1 |
25. juli | 3 |