Helgehornet - normalruta (ny)

Volda
882
Besøk
3,50
km tur/retur
blå

Kort om turen

Helgehornet har flott utsikt og er eit svært populært turmål for både store og små. Det er også ein fin plass å sjå solnedgangen eller soloppgangen.
Det er fleire ruter til topps, denne er den mest vanlege.

Turbeskrivelse

Start i austenden av parkeringsplassen i Sollidalen/ved skytebana. Stien er tydeleg og du vil nok ikkje vere i tvil om kvar du skal starte. Nokså lite stigning i starten så du får fin oppvarming før bakkane startar. Det vert etterkvart jamn stigning oppover mot toppen, og du skal følge tydeleg sti heile vegen. Det er berre å sikte seg inn mot masta på toppen. Delar av stien kan vere litt våt, så det er lurt med sko som tåler væte. I omlag 380 meters høgde, på ei lita flate, møter du stien som kjem frå Hovdevatnet.
Returen frå toppen kan du ta same veg, men går du i staden ned att vestryggen, får du ein fin rundtur (sjå rute Helgehornet - langs vestryggen).

Adkomst og parkering

Køyr E39 frå Volda mot Ørsta eller frå Ørsta mot Volda. Ta av på Berknesvegen til Berkneset/Mork rehabiliteringssenter. Ta så første veg til høgre (Furene), så til venstre og straks til høgre igjen (Håskjoldvegen). Køyr Håskjoldvegen heilt til du kjem til Kleiva, køyr opp her. Like før du kjem til dei øvste gardane, tek du av på vegen som går til høgre og følger denne heilt til endes. Det er skilta til skytebane/Sollidalen. Parkering ved skytebana; fint om du betaler for å parkere (Vipps)

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3,50
Lengde en vei (km) 1,75
Stigning Meter Grader
Total stigning 352 Høydemeter

Spesielle forhold

Det er skytebane i Sollidalen, så hald deg til stiane. Då går du trygt.

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Geir Finnøy 29
Sofie Monsholm 24
Berit Gjørven Håskjold 20
Arve Drabløs 12
Finn Håskjold 10
Ståle Brautaset 9
iryna samchuk 8
Anita Bjerknes 7
Martine Opsahl Barstad 6
SVEIN ENGESET 6

Besøkslogg

Dato Antall besøk
11. august 1
10. august 6
9. august 2
8. august 7
7. august 4
6. august 3
5. august 9
4. august 4
3. august 3
2. august 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: