Klåberget (ny)

Surnadal
244
Besøk
6,35
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner 31/5. Mykje snø!

Kort om turen

Klåberget ligg på ein haug ca. 600 meter over havet oppi fjellsida til Strengen. Turmålet ligg ope og fritt til, og byr på storslagen panoramautsikt over fjordar og fjellheim. Turen oppover er relativt bratt og krevjande, med utsynet ved målet gjer sveitten på tur opp vel strevet verdt.

Turbeskrivelse

Etter å ha parkert ved skiarenaen, går du tilbake etter bygdevegen i retninga du kom frå (austover), i nokre hundre meter. Ta til venstre oppover ein landbruksveg når du kjem til ei gruppe turskilt på øversida av vegen. Herifrå er vegen opp til Klåberget skilta. Første del av turen går etter skogsveg. Du passerer snart ein lunningsplass og rundar ei grind ved lunningsplassen. Følj skogsvegen til endes og fortsett etter stien som går vidare oppover. Det er jamn stigning heile vegen frå startpunktet opp til Klåberget. Vel framme ventar eit vakkert panorama over fjordar og fjell, og ein benk å ta ein velfortent kvil på. Ein tur til Klåberget kan óg gjerne forlengast til toppen av Strengen. Du følgjer da ein av stiane som fører vidare frå Klåberget. Sjå turkart du kan laste ned her: http://www.ilsoya.no/storage/Preview?id=34e09871-4ddd-4712-994b-1c70caffc541.


Alternativ trasè: I øverkant av lunningsplassen med grinda startar det  ein sti som går meir rett oppover lia. Viss du vel å gå oppover etter denne, kjem du inn på skogsvegen igjen lenger opp. Om våren kan det vera bart langs denne stien medan det enno ligg snø etter vegen.

Adkomst og parkering

Denne turen startar ved Vang skiarena i Røgrenda i Surnadal kommune. Dersom du er ukjent og skal køyre til startpunktet, kan det vera lurt å ta utgangspunkt i eit vegkryss på riksveg 670. Dette ligg ein stor km frå fergeleiet på Kvanne i retning Skei. På øversida av vegen her startar Røvegen. Herifrå er vegen mot Vang skiarena skilta, og det er i underkant av tre kilometer fram til arenaen. Ved skiarenaen er det skilta, gratis parkering.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 6,35
Lengde en vei (km) 3,17
Stigning Meter Grader
Total stigning 440 Høydemeter

Kart

http://www.ilsoya.no/storage/Preview?id=34e09871-4ddd-4712-994b-1c70caffc541

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Kjersti Haugen 19
Solvor Røen 19
Marit Solvik Næss 9
Bente Solem 5
Marte Bjørnås 4
Elin Margrete Dyrlie 4
Marta Aarnes 4
Marte Juklerød 4
Birgit Løseth 3
Irene Vea 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 5
17. august 2
16. august 1
15. august 4
14. august 1
13. august 1
12. august 1
9. august 2
8. august 2
7. august 9

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: