Kalkverket på Voksa (ny)

Sande
309
Besøk
2,67
km rundtur
grønn Rullestolvennlig for elektriske rullestoler Barnevognvennlig Sykkelvennlig

Kort om turen

Turen frå ferjekaia til Kalkverket går på asfaltert veg, kun siste biten er traktorveg. Kalkverket ligg lunt til i nordavinden med utsikt mot Kvamsøy og Riste i vest. Frå kalkbruddet går der sti over Voksehaugen og ned igjen på sørsida. Derifrå går ein vegen tilbake til ferjekaia.

Turbeskrivelse

Kalkbruddet på Voksa ligg heilt på vestsida av Voksa, lunt for nordavinden og med utsikt mot Kvamsøya og Riste. Frå ferjekaia går ein vegen heilt til endes mot vest og fortset eit lite stykke på traktorveg til ein har kalkbruddet på venstre hand. Her har det vore uttak av kalk i tidsromet 1930-1970. Ein reknar med at kalkåra strekkjer seg heilt innover til Larsnes og Breivika. Her er eit rikt planteliv pga den kalkrike jorda. 


Dersom ein går opp til øverste nivået finn ein stien som går over Voksehaugen, ein fin liten tur i gammal bjørkeskog og med fin utsikt til alle kantar. Stien går ned igjen på sørsida, derifrå går ein vegen tilbake til ferjekaia.


Halvvegs mellom ferjekaia og kalkbruddet går ein forbi gamleposten til høgre og gamleskulen til venstre. Dette er no ein del av Voksa Kultursenter som held på å pusse opp dei gamle husa og skal drive kulturverksemd her.

Adkomst og parkering

Parkering 100 m nord for Voksa ferjekai med god plass.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 1,7
Fast grus 0,2
Total lengde rundtur (km) 2,67
Stigning Meter Grader
Total stigning 88 Høydemeter

Offentlig transport

Dersom ein kjem via Larsnes, Åram eller Kvamsøy treng ein ikkje ha med bil sidan turen startar ved ferjekaia.
Ferjeruter finn ein på Fram.no

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Karin Håvik Eide 58
Jorunn Worren 45
Geir Eide 23
Eva Beate Runde 23
Olger Varholm 18
Brit Synnøve Våge 9
helene helland 7
Anne Lise Johansen 4
Rolf Arne Skår 4
Marianne Bringsvor 4

Besøkslogg

Dato Antall besøk
30. juni 2
29. juni 2
28. juni 3
27. juni 5
26. juni 10
25. juni 8
24. juni 5
23. juni 3
22. juni 2
21. juni 4

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: