Stor turglede og glad teltvinnar under årets Stikk UT!-festival
13.500 turgåarar vart med på feiringa av Stikk UT! i friluftslivets veke, og litt over 50.000 turar vart registrert i Møre og Romsdal og Heim i Trøndelag under den ni dager lange Stikk UT!-festivalen!
Stikk UT-festivalen er i hovudsak digital der deltakarane blir oppfordra til å ta ein tur eller to ekstra til eitt eller fleire av dei 620 turmåla i regionen i årets sesong.
– Med vêrgudane på vår side, var det også i år ei fantastisk feiring av den enorme turgleda i fylket vårt, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
Teltjakt og mange fine premiar
For å motivere litt ekstra har friluftsråda lokka med fine premiar blant alle som har registrert turmål. Ein tur var eit lodd. Alle som har vunne blir kontakta og premiar sendt i posten.
Hovudpremien var eit Abisko Friluft 2-mannstelt fra Fjällräven (gitt av Norsk Friluftsliv og Møre og Romsdal fylkeskommune).
Den glade vinnaren av dette teltet vart Georg Moldskred frå Ulsteinvik.
– Kjempekjekt! No blir det å begynne å reise på telttur igjen, seier vinnaren fornøgd når han får overrekt teltet frå Stikk UT!
Moldskred fortel at han ofte var på telttur før når barna var små, men dei siste åra har det ikkje blitt noko. Så med denne premien ser han sitt snitt til å ta opp igjen teltaktiviteten.
Han hadde fått med seg at kvar tur under Stikk UT!-festivalen var eit lodd og at ein kunne vinne premiar, men at det var med eit telt blant gevinstane var han ikkje klar over.
– Puffet til å vere med på Stikk UT! fekk eg gjennom at bedrifta eg jobbar i, Kongsberg, er med som bedriftslag i Stikk UT! Så no har eg gått på mange fine turmål med Stikk UT!, seier han.
Georg Moldskred, glad teltvinnar!
Over 1 million registrerte turer
Årets Stikk UT!-sesong nærmar seg 1,1 million registreringar på landsbasis og nesten 800.000 i Møre og Romsdal. Og endå er det ein og ein halv månad igjen av sommarsesongen (t.o.m. 31. oktober).
– Dette viser at Stikk UT! er populært som aldri før og at mange blir motivert og finn vegen ut i naturen ved hjelp av Stikk UT!, seier Ellingsæter og Hoel fornøgd.
GOD TUR VIDARE!