Turen opp til Tovarden startar på gamal setergrunn. Du kjem raskt opp i ope terreng, kor du blir møtt av ei fantastisk utsikt både tilbake mot Åndalstussar og sørover mot Romsdalspanoramaet. Målet for turen er lagt til den eine av dei to vardane som har gitt namnet sitt til plassen. Retur er tenkt same veg, men det er også muleg å legge turen vidare bort om Mannen, eller å gå ned via Trollvatnet og Oltervatnet til Istad.
Turen startar ved parkering på Indergardssetra. Herifrå må du gå litt tilbake før du tek til venstre inn på ein seterveg som du følgjer sørover. Etter om lag 1,3 km tek du av frå vegen og inn på ein sti opp til venstre. Denne følgjer du opp heile ryggen og inn på fjellet kor det står to vardar, ein for kvar av kommunane som møtest her oppe, Gjemnes og Molde. Her vil du finne turmålet med dertil turpostkasse.
Turen startar på ein gamal setervoll, Indergardssetra. Her har det vore seterdrift i mange generasjonar. Fleire seterhus står her framleis, og flotte steinutgardar omkransar ein grøn og fin setervoll.
Ta av frå E39 ved Silset, om lag 2 km fra Batnfjord sentrum i retning Molde. Køyr opp mot Silsetfjellet og følg bomvegen opp til enden av vegen ved Indergardssetra (nesten 4,5 km). Her kan du parkere bilen. Det er lettast å kome hit med bil, men med lett gir er det også fullt muleg å sykle opp bomvegen. Det er busstopp nede ved E39.
Ved Indergardssetra.
Lengde i km | |
---|---|
Lengde tur/retur (km) | 9,67 |
Lengde en vei (km) | 4,84 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 284 | Høydemeter |
Fram (http://www.frammr.no) køyrer ekspressbuss på E39 mellom Molde og Kristiansund. Denne stoppar på Silset, med avgangar om lag ein gong i timen på kvardagar. Frå busstoppet er det i overkant av 4 km opp til Indergardssetra. Se www.frammr.no
Norges-serien, Kristiansund.
Navn | Besøk |
---|---|
Renathe Midthaug | 6 |
Annlaug Øren | 4 |
Solveig Hollingsæter Småsund | 3 |
Liv Synnøve Hoel | 2 |
Eva Sande Ulset | 2 |
Britt Daghild Sund | 2 |
Margrethe Brunvoll Olsson | 2 |
Anne Frantsvaag | 2 |
Erling Høystakli | 2 |
Marianne Strand | 2 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
26. oktober | 6 |
20. oktober | 2 |
18. oktober | 1 |
15. oktober | 3 |
13. oktober | 13 |
12. oktober | 5 |
9. oktober | 1 |
7. oktober | 1 |
6. oktober | 1 |
5. oktober | 6 |