Svartevatnet

Fjord
222
Besøk
4
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 1/5.

Kort om turen

Lett tur frå Gjerdsstølen i lett hellande terreng gjennom ope landskap. Fin familietur. På veg fram ser du m.a mot Lauparen i nordaust og Storfjorden i vest. Svartevatnet ligg idyllisk plassert, omkransa av høge fjell på tre kantar, med toppane Midmorgonshornet (962 moh) og Heimste Skorkja (1322 moh). Muligheiter for bading. Ved Svartevatnet kan du m.a. fortsette på høgre side ved vatnet og sjå eit flott oppmura naust som glir fint inn i terrenget.

Turbeskrivelse

Frå parkering på Gjerdsstølen går du mot elva, tar til venstre og følgjer råsa ca 300 meter fram til bru. Fortsett over brua og følg råsa framover på høgre side av elva. Minimal stigning i første halvdel av turen og lett stigning på slutten. Enkelte parti med myr.


NB! Om du ynskjer å køyre heilt fram til Gjerdsstølen, er det bomveg som startar ved Øggarden. Då mobildekninga ikkje er god kan det vere ei utfordring å få betalt ved hjelp av Vipps. Ta difor med deg kr 30,- i kontantar. Pengane som kjem inn går naturlegvis til vedlikehald av vegen.

Adkomst og parkering

I vegkryss på Dyrkorn køyrer du oppover bygda. Etter 1,5 km tar du til venstre og fortsett vidare om lag 1,5 km til krysset mot Øggarden. Ta til høgre og etter 150 m kjem du til bomveg (kr 30,-). Fortsett om lag 1,5 km til Gjerdsstølen, som er eit kosleg stølsområde med gammal bebyggelse og ei lita elv som renn gjennom stølen.
Alternativ start til turen er å parkere der bomvegen startar ved Ødegård og gå fram til Gjerdsstølen. Grusveg omlag 1,5 km.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4
Lengde en vei (km) 2

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Kart

Kart Ørskogfjellet

Flest besøk 2020

Navn Besøk
rolf pedersen 5
Oddbjørn Vad 5
Ellen Støversten 3
Jon Haraldsvik 2
Edith Oline Sætre 2
Emma Søvik 2
Ingunn Støversten 2
Sylvia Nordlund Rørstad 2
Lise Hansen 2
Denita Music 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. september 7
16. september 1
13. september 6
12. september 2
11. september 1
10. september 2
7. september 3
6. september 9
5. september 2
4. september 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: