Aukra kyststi, Gossen

Aukra
1804
Besøk
2,41
km tur/retur
grønn Barnevognvennlig Sykkelvennlig

Kort om turen

Dette er ein fin tur på grusa turveg langs havet for deg som ønsker å oppleve kysten på nært hald. God utsikt mot Bjørnsund og Bud. Turen er flott å gå både i ruskever når "bårå" sler opp mot land, og i finever når ein kan sjå sola gå ned i havet (midtsommars). I området rundt kyststien er det mange gravrøyser og ei skyttarstilling frå krigen.

Turbeskrivelse

Turen startar ved parkeringsplass i Årgårdsvika. Følg grusvegen nedover mot sjøen. Når vegen deler seg går du rett fram mot venstre ned ein liten bakke. Stien svingar mot høgre når du kjem ned til sjøen. I starten av stien går ein forbi "Næsja" der båten gjekk over til Rindarøya før moloen kom. Stien snor seg gjennom kystlynghei og etterkvart kjem ein til Sandvika, ei lita perle av ei sandstrand. Følg grusa sti til enden, om lag ein km. Det er fleire benkar og benkebord langs vegen. Kyststien endar ved Komedantholmen.

Kulturminne

Gravrøyser og skyttarstilling.

Adkomst og parkering

Frå fergekaia på Aukra følgjer du hovudvegen mot Falkhytten. Sving til venstre i krysset på Falkhytten, følg skilting til Rindarøya. Etter om lag 8 km i ein skarp venstresving skal du ta av vegen til høgre (Hvis du kjem ned mot moloen til Rindarøya, har du kjøyrt for langt). Det er ein stor parkeringsplass i Årgårdsvika, om lag 200 meter fra starten av turstien.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1,2
Lengde tur/retur (km) 2,41
Lengde en vei (km) 1,20
Stigning Meter Grader
Total stigning 15 Høydemeter

Offentlig transport

Det er svært få bussavgangar til denne delen av Gossen. Om du må ta buss, sjå Fram sin App.

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Are Breivik 58
inger heggdal husøy 45
Harald Husøy 44
Oddny Elin Hukkelberg 42
kurt slagnes 36
Terje Måløy 22
Silje Marie Småge Hauge 21
Kristin Mordal 14
Kai Magne Stokkeland 14
Randi Rishaug 14

Besøkslogg

Dato Antall besøk
12. august 6
11. august 2
10. august 9
9. august 10
8. august 9
7. august 49
6. august 5
5. august 19
4. august 10
3. august 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: