Gamlevegen til Øyna i Tafjord

Fjord
191
Besøk
3
km tur/retur
grønn

NB! Stikk UT!-posten åpner 24/5.

Kort om turen

Ein kort og interessant tur i det smale dalføret fram mot Zakariasdemninga. Gamlevegen er fint oppmura og ei kulturoppleving i seg sjølv. Biologisk mangfald med sjeldne artar.


NB! Så lenge det er snøsmelting fører det til stor vassføring i elva som må kryssast undervegs. Du blir våt på beina og det kan vere vanskeleg å kome seg over, så det kan vere lurt å utsetje turen til det er mindre vatn i elva.

NB! Startpunktet for denne turen er nedst i dalen, ikkje ved garden i Øyna (privat område).

Turbeskrivelse

Stien går ned skråninga på venstre sida av vegen, kryssar elva på god bru og følgjer gamlevegen på austsida av det smale dalføret. Vegen er fint oppmura og går først i svingar oppover, før terrenget flatar meir ut. Dette er den gamle vegen frå Tafjord og oppover Rødalen. Vegen er fin å gå for alle, men om du har med barn så ver merksam på nokre få punkt med bratte stup mot elva. Den nye vegen (bilvegen) går på andre sida av dalen.


Når du kjem fram til Øyna ser du rett mot den 96 meter høge Zakariasdemninga som var Nord-Europas høgaste då ho vart bygd i 1968.


Ved brua snur du og går same veg tilbake. NB! Det er ikkje høve til å gå gjennom tunet i Øyna.


Kodeplata for StikkUT-turen finn du på oppsida av vegen, rett under kraftlinjene.


Turen går gjennom eit biologisk viktig område, rasmark med 130 ulike karplanter, kring 25 sommarfuglartar, svært sjeldne beitemarksoppar og raudlisteartar frå fleire artsgrupper. Den sjeldne mnemossynesommarfuglen finst her. Den er avhengig av planta lerkespore for å overleve, og det er det god tilgang til her.


Kjelde: Opptur Geirangerfjorden (Merete L Rønneberg/Finn Loftesnes)

Adkomst og parkering

Frå Tafjord sentrum følgjer du skilting mot Zakariasdammen, ca 6 km. Frå husa som ligg heilt inn til vegen i heimste Rødal, på sørsida av Onilsavatnet, til startpunktet er det omlag 700 m. Der stien startar er det plass til parkering av 3-4 bilar. Elles kan ein parkere langs vegen eller ved sidevegen til eit lager litt før startpunktet. Pass på at bilen ikkje er til hinder for trafikken. NB! Det er ikkje anledning til å parkere i Øyna (privat område).

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 3
Lengde en vei (km) 1
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 167 Høydemeter

Spesielle forhold

Den kjente Gjerdeløa frå ca 1630 stod opprinneleg langs gamlevegen. Kunstnaren Marianne Heske flytta løa til ei utstilling i Pompidou-senteret i Paris i 1980, for på den måten å setje lys på motsetningane mellom det internasjonale miljøet i i Europa og vesle Norge. Seinare kom løa tilbake til plassen sin, før den vart flytta til Henie Onstad-museet, Astrup Fearnley Museet, Aarhus Kunstmuseum og Kunstsiloen i Kristiansand.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Merete Sofie Tjugen Myklebust 4
Sondre Mathias Hildre 3
nina hildre 3
svein jarle fiskerstrand 3
Per Anton Kilsti 3
Bente Sjøholt 2
Andrea Lothe 2
jannike madsen 2
Anne Karin Grønvold 2
Solgunn Ramsvik 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
10. august 1
9. august 1
8. august 1
7. august 3
6. august 2
4. august 1
3. august 1
2. august 4
1. august 3
31. juli 7

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: