Kroketevatnet på Dyrkorn

Fjord
136
Besøk
1
km tur/retur
grønn

NB! Stikk UT!-posten åpner 1/6. Opning utsett på grunn av snøforholda i område. Stikk UT-posten vert opna så snart det er farbart til fots i området. Det kan også skje tidlegare enn den oppgitte datoen og då vil vi evt legge ut ny informasjon om det.

Kort om turen

Nytt turmål 2021, i storslått natur med fin utsikt. Start frå Gjerdsstølen og fyl sti oppover mot ei raud hytte, dei første meterane. Etter å ha passert denne på høgre side, er det godt merka med piler og band vidare. Delar av terrenget er noko myrlendt og vått, utan at det skal vere noko problem. Kodeplata er plassert på stor furu attmed vatnet.

Turbeskrivelse

Frå Gjerdsstølen går ein i retning nord (motsett veg i høve til Svartevatnet). I starten passerer ein ei raud hytte (gå på høgre side av denne). Det er ikkje opparbeidd sti vidare frå hytta, men fleire retningspiler og i tillegg merkeband skal gjere det greit å finne fram. I dette området ligg også Puskesætra og Pusken, der det i tidlegare tider har vore stølsdrift. Når ein kjem til vatnet, som altså har denne karakteristiske krokete forma, befinnn ein seg heilt i vestenden. Kodeplata er festa til ei stor furu, tett attmed vatnet.

Adkomst og parkering

I vegkryss på Dyrkorn (Fv 650) tek du av og køyrer oppover bygda. Etter 1,5 km tar du til venstre og fortsett vidare om lag 1,5 km til krysset mot Øggarden. Der tek du til høgre og etter å ha køyrd 150 m til, kjem du til bomveg (kr 30,-). Fortsett om lag 1,5 km til Gjerdsstølen, som er eit kosleg stølsområde med gammal bebyggelse og ei lita elv som renn gjennom stølen. Alternativ start til turen er å parkere der bomvegen startar ved Ødegård og gå fram til Gjerdsstølen. Grusveg omlag 1,5 km.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 1
Lengde en vei (km) 0
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 124 Høydemeter

Offentlig transport

Ein kan sjølvsagt velje å ta buss til og frå Dyrkorn ( https://www.frammr.no/ ), men ver då obs på at dette vert ein vesentleg mykje lengre tur. Men då får ein til gjengjeld også endå bedre høve til å oppleve denne vakre bygda på nært hald. (det kan ein sjølvsagt gjere om ein vel å køyre dit sjølv)

Spesielle forhold

På Dyrkorn finn ein m.a. unike kvelvingsbruer og ikkje minst bygningane knytt til Dyrkornanleggene, som er godt ivaretekne. Det er også ei unik utsikt, som berre blir betre og betre, etterkvart som ein beveger seg oppover frå fjordnivået. Anbefalast!

Spesielt i periodar med mykje nedbør, kan det bli ganske vått i det partiet av turen der ein passerer myrlendt terreng.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Ellen Støversten 8
rolf pedersen 4
Jan Arne Sletta 2
Ingunn Støversten 2
Linnea Romberg 2
Katrine Kirkebøe 2
Njål Hoftun 2
Marielle Iversen Florvaag 1
Jan Aage Øye Hansen 1
Jonny Bjørdal 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
15. august 3
14. august 1
13. august 1
10. august 1
7. august 3
6. august 2
5. august 1
3. august 4
2. august 1
31. juli 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: