Fjørtoftneset

Ålesund
300
Besøk
6
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Denne turen byr på veldig flotte natur- og kulturminneopplevingar, med eit rikt dyreliv og vakker kystnatur. Størsteparten av området er verna naturreservat, og ein finn fleire gravrøyser i området. Villsauer beiter her for å halde vegetasjonen nede. Turen går til fyrlykta ytst på Fjørtoftneset og er ein fin tur for heile familien.

Turbeskrivelse

Du startar ved ein gamal sommarfjøs som ligg ved starten av grusvegen. Derifrå følgjer du traktorvegen eit stykke, før den går over i ein tydeleg sti. Det er mogleg å sykle/køyre langs traktorvegen fram til den går over til sti. Du kan parkere fleire stader langs vegen. Når du kjem til steingarden som markerer starten på stien, går du også inn i det som er naturreservatet. Heile vegen er relativt flatt, og stien går stort sett over lyng og gras. Du møter også litt berg og stein, som er å forvente for ein sti langs fjøra. Det er lett å kome fram til turmålet for dei fleste.

Kulturminne

Det ligg 5 gravrøyser i nordenden av reservatet på Fjørtoftneset. I tillegg kan ein sjå ringattollen rundt fyrlykta på neset, som er ein ringforma voll med kampesteinar.
Dette er skrive på Naturbase:
Reservatet ligg vest på Fjørtofta ut mot storhavet. Langs sjøen er det fleire knausar med snau berggrunn og store rullesteinryggar. På nordsida er det eit langgrunt strandområde med skjer utafor. Midt på Fjørtoftneset er det registrert eit gravfelt med 5 gravrøyser. Gravrøysene ligg i eit lyng- og grasvakse myrområde oppe på ein strandvoll og er mellom 9 og 15 meter i diameter og inntil 1,5 meter høge. Dei er til dels svært overgrodde av mose, gras og lyng." http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00000555

Adkomst og parkering

Fram til opning av Nordøyvegen 27. august 2022, må ein ta hurtigbåt eller ferje til Fjørtoft. Det er lurt å planlegge turen etter rutetidene. Når du kjem frå kaia tek du av til høgre i krysset, det er kortast. Følg vegen i ca 4 km. Men, du kjem fram til startstaden for turen uansett kva retning du vel. Turen startar ved ein traktorsti, og her finn du eit skur med skilta «Saloon» på. Følg vegen herifrå.
27. august opnar heile Nordøyvegsambandet, og då må ein køyre bruer og undersjøiske tunneler (bompengar) til Fjørtoft.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 6
Lengde en vei (km) 3
Stigning Meter Grader
Total stigning 21 Høydemeter

Offentlig transport

Du kan ta hurtigbåt frå Ålesund, då bør du pårekne å ta med sykkel for å kome til startpunktet. Det er veldig fint å sykle rundt øya, då det er ganske flatt. Rutene til hurtigbåt finn du på www.frammr.no.
Elles er det mogleg å ta buss til Brattvåg, og ferge frå Brattvåg til Fjørtofta. Igjen bør du ta med sykkel dersom du ikkje vil ha med bil, slik at du kan sykle frå ferjekaia. Ferjeruter finn du på www.fjord1.no, og buss på www.frammr.no. NB! Planlegg etter ferje- eller hurtigbåttider.
Vi kjem tilbake med korleis det blir med offentleg transport etter 27. august når Nordøyvegen opnar.

Spesielle forhold

I april-mai kan villsauene som beitar i området framleis vere i lammeperioden, så det er viktig å ikkje forstyrre dyra!

Kart

Norge-serien 10076 Ålesund

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Eldar Fjørtoft 13
Kari Lisbeth Fjørtoft 10
Bente Fjørtoft 9
Lisbeth Skarsbø Grytten 7
Heidi Viken 5
Lovise Morsund Breivik 3
marit farstad 3
Tonje Breivik 3
Lovise Nielsen 3
Lena Hjelseth 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
10. august 2
9. august 2
8. august 4
7. august 5
6. august 2
5. august 5
4. august 1
3. august 2
2. august 3
1. august 4

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: