Løklivegen (ny)

Ålesund
566
Besøk
8,49
km tur/retur
blå

Kort om turen

Turen går i fint turterreng etter veg og skogsveg. Du passerer gran og furuskog og etterkvart opnare lauvskog. Området er ein del av det varig verna området langs Solnørvassdraget. Turen er ein del av det store ski - løypenettet rundt Svartløken.

Turbeskrivelse

Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen, 406 m.o.h. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca 1km, er resten av turen lettare. Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra. Snart går vegen over i skogsveg. Her skal du fortsette rett fram forbi Liahuken på småsvinget veg før du går opp ein lang, slak motbakke og vegen flatar ut. Her finn du ein rasteplass på venstre side som er turmålet på Løklivegen. Viss du vil fortsette lenger framover, vil du snart kome til eit kryss der du kan ta av mot Osen bru og Skodjesida. Vidare vil du passere hytteområdet på Svartløken og gå vidare opp til Fjellstova.  

Adkomst og parkering

Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog kulturshus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta. Her er det parkeringsplass som du kan nytte. Inga P-avgift.
Du kan alternativt starte ved Fjellstova på Ørskogfjellet. Her er det P-avgift. Du kan også parkere ved bommen inne på Liasetra. Da vil det vere ein grøn tur.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 4,5
Lengde tur/retur (km) 8,49
Lengde en vei (km) 4,25
Stigning Meter Grader
Total stigning 59 Høydemeter

Offentlig transport

Ja, men da må du starte frå Fjellstova på Ørskogfjellet.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Sverre Jørgensen 10
Kjetil Johnny Vindenes 9
Eldar Myklebust 8
Magni Ane Tomren 7
Reidun Skaue 6
Stig Jonny Urke 6
GEIR HELGE NES 5
Ingmar Kvammen 4
Inger Johanne Grønningsæter 4
Michael Rødsand 4

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 8
17. august 2
16. august 2
15. august 6
14. august 8
13. august 4
12. august 3
11. august 2
10. august 8
9. august 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: