Klovevatnet fra Gjerdsvika (ny)

Sande
83
Besøk
7
km tur/retur
blå

Kort om turen

Flott tur med fin utsikt over bygda. På toppen er det også god utsikt til både Herøy og Vanylven, for ikkje å gløyme havet. Ein har også god utsikt innover mot Sunnmørsalpane. Om sommaren er det perfekt å bade i Klovevatnet. Vatnet er grunt, så det vert fort fin badetemperatur. På turen vert ei lita elv kryssa fleire gongar, så det er godt mulig å fylle drikkeflaska.Gjerdsvika IL har fjellbok på toppen.

Turbeskrivelse

Etter parkering ved Tussa sin kraftstasjon, følger du hovudvegen om lag 50 meter mot sør, før du svingar av vegen til venstre. Det er godt merka med skilt der du skal ta av. Følg så merka sti gjennom gardstunet vidare, etter kvart vil du kome gjennom eit nytt gardstun og ut i terrenget. Det først partiet etter at du kjem ut i terrenget går stort sett på klopper og bruer, etter kvart går dette over til ein godt merka og synleg sti. På om lag 160. moh. kryssar du ei elv, denne elva vil du krysse ein gong til litt seinare, så du kan vente med å fylle opp drikkeflaska til litt seinare. Stien held fram oppover til eit utsiktspunkt på om lag 230 moh., og her passar det fint med ein pust i bakken.


Turen vidare går i motbakke opp til eit kryss der ein kan velje om ein vil gå til Gjøna, Haugshornet eller Klovevatnet, følg stien mot Klovevatnet. Etter litt vil du krysse elva for siste gong, så om du ønskjer å fylle drikkeflaska så er dette rette plassen. Om du ønskjer ei pause, så ligger det ein Gapahuk på om lag 320 moh. Frå denne har du flott utsikt utover Gjerdsvika. Du må gå om lag 100 meter ut frå stien for å kome til Gapahuken. Turen vidare mot Klovevatnet går i litt meir variert og kupert terreng. Melshornet 414 moh. kan vere verdt besøket, også her er det flott utsikt utover Gjerdsvika og Svinøyhavet. Frå Melshornet går du slakt innover fjellet mot Klovevatnet. Det er godt merka sti heile vegen til topps 505. moh. Klovevatnet er eit flott og spesielt fjellvatn, om sommaren kan det så absolutt anbefalast med eit forfriskande bad. Om vinteren er dette også ein flott plass for å kunne nytte skøytene om det er forhold for det. Denne turen er fult mogeleg å kombinere med besøk av andre fjelltoppar i nærområde. Både Storetua 592. moh. og Haugshornet 431. moh. er lett tilgjengelig frå Klovevatnet. Det er gode og merka stiar til begge plassane.

Kulturminne

Delar av turen går på stien som var nytta mellom Gjerdsvika og Gursken før vegen rundt Gjøneset vart laga.

Adkomst og parkering

Parkeing er enklast ved Kraftstasjonen (TUSSA). Turen startar ved hovudvegen (skilt merka med Kloven er plassert ved gardstun 40 meter frå parkering). Følg så meka sti vidare.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 0,2
Lengde tur/retur (km) 7
Lengde en vei (km) 0,00
Stigning Meter Grader
Total stigning 505 Høydemeter

Spesielle forhold

Mykje av denne turen går på den gamle fjellvegen mellom Gjerdsvika og Haugsbygda

Kart

Sunnmøre

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Veronica Muren Longva 8
Vegard Longva 8
Sindre Slettestøl 4
Gigen sætre 3
janne fenes 2
Thomas Slenes Leine 2
Marte Vartdal 1
Elisabeth Larsen Hovden 1
Michael Rødsand 1
Tomas Misund 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. juni 1
28. juni 1
27. juni 2
26. juni 4
24. juni 3
22. juni 1
21. juni 1
19. juni 5
17. juni 1
16. juni 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: